Svalgang

From Wikipedia, the free encyclopedia

Svalgang
Remove ads

Svalgang eller sval er ein gang som er bygd langsetter utsida av eit hus, og er vanlege mellom anna langsetter utsida av mastestavkyrkjer. Svalgangar har tak, men kan vere meir eller mindre opne på yttersida. Materialet er tre, og byggjemetoden kan vere laft, stavverk eller bindingsverk. Ofte er trappene mellom dei ulike høgdene i bygningen plassert i svalgangen, som såleis kan vere i to høgder. I moderne bustadblokker kan tilkomsten til dei einskilde husværa i same høgda vere ordna som moderne variantar av dei gamle svalgangane, slik at det ikkje er naudsynt med meir enn ein heis eller eit trappesystem for ei blokk.

Thumb
Bustadhus med svalgang frå Hol kommune i Buskerud
Thumb
Svalgangar vart òg nytta på hus i byen. Den indre gardsplassen og husa i Brugata 3a i Oslo fotografert ca 1890.
Foto: Olaf Martin Peder Væring/Oslo museum
Thumb
Hus med svalgang på Glomdalsmuseet. Trappa er å sjå i svalgangen.
Remove ads

Svalgangar i stavkyrkjer

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Svalgang
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads