Svein Inge Valvik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Svein Inge Valvik
Remove ads

Svein Inge Valvik (fødd 20. september 1956) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bærum, som i tida 1977-96 vann ni norske meisterskap i diskoskasting. Til saman tok han 20 NM-medaljar (9-8-3) i øvinga, den siste i sitt 43. år. Han var opphavleg medlem i Stabæk IF, men melde seg i 1975 inn i SK Vidar. Frå 1978 til -85 representerte han IF Kamp/Vestheim og frå 1986 til 2004 IK Tjalve. Sidan 2005 var han medlem i Urædd. I yngre år deltok han nasjonalt også i kulestøyt.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Valvik kasta diskosen 57,54 meter i sitt siste år som junior, same året som han reiste til USA, der han dei neste seks åra studerte ved University of Texas i El Paso. Allereie våren 1977 passerte han 60-metersgrensa då han nådde 60,74 m i Provo. Sesongen etter auka han til 62,42 m i Eugene og 1979 fekk han målt 64,42 m, same sesongen støytte han elles kula 18,12 m, hans lengste støyt i den øvinga. I 1980 forbetra han den personlege rekorden til 66,34 m i El Paso.

Fram til 1984 stod Valvik nasjonalt i skuggen av Knut Hjeltnes, også trass i at han våren 1982 slengde diskosen heile 68 meter jamt under eit stemne i mexicanske Juarez den 31. mai, eit resultat i ypparste verdsklasse. Ein skade sette han noko tilbake og det var ikkje før enn i 1985 han kom opp mot sitt tidlegare toppnivå. Åra 1984-86 studerte han ved Lunds universitet i Sverige, og årsbestekasta 1985-86 oppnådde han i Sverige. Han kasta i 1985 67,36 m i Lund og i 1986 66,48 m i Klagshamn.

I juli 1987 var Valvik nær den personlege rekorden då han i finske Alavieska vann ei tevling med eit lengstekast på heile 67,70 m, årsbeste i Noreg. Vel ein månad seinare var Valvik med i sitt fyrste store internasjonale meisterskap, VM i Roma, og deltok så gjennom eit tiår i til saman tre verdsmeisterskap, to sommarleikar og like mange europameisterskap. Bortsett frå EM 1994 i Helsinki, der han vart nummer sju, klarde han ikkje å kvalifisere seg til nokon annan meisterskapsfinale.

Før 1990 hadde Valvik einast vunne to NM-gull i diskokasting, men i åra 1990-96 vann han samtlege norske meisterskap i øvinga. Han tok si tjuande NM-medalje i diskoskast i 1999, nærare 43 år gammal.

Valvik var aktiv til 2011, og så seint som i 2009 hadde han eit diskoskast som målte 54,40 m.

Medaljar i norske meisterskap

  • 1977: Gullmedalje i diskokasting – 58,84 m, framom Anders Hoff (53,36 m)
  • 1979: Sølvmedalje i diskoskasting – 59,76 m, bak Knut Hjeltnes (64,44 m)
  • 1980: Sølvmedalje i diskoskasting – 62,00 m, og bronsemedalje i kulestøyt – 16,94 m
  • 1982: Sølvmedalje i diskoskasting – 58,44 m, bak Knut Hjeltnes (60,02 m)
  • 1984: Sølvmedalje i diskoskasting – 56,80 m, bak Knut Hjeltnes (64,44 m)
  • 1985: Gullmedalje i diskokasting – 56,30 m, framom Georg Andersen (56,18 m)
  • 1987: Sølvmedalje i diskoskasting – 59,70 m, bak Olav Jenssen (60,18 m)
  • 1988: Bronsemedalje i diskoskasting – 58,52 m
  • 1989: Sølvmedalje i diskoskasting – 60,48 m, bak Knut Hjeltnes (62,10 m)
  • 1990: Gullmedalje i diskokasting – 59,64 m, framom Lars Ola Sundt (59,46 m)
  • 1991: Gullmedalje i diskokasting – 62,60 m, framom Olav Jenssen (58,20 m)
  • 1992: Gullmedalje i diskokasting – 58,96 m, framom Lars Ola Sundt (58,72 m)
  • 1993: Gullmedalje i diskokasting – 58,72 m, framom Lars Ola Sundt (57,40 m)
  • 1994: Gullmedalje i diskokasting – 60,00 m, framom Kjell Ove Hauge (55,48 m)
  • 1995: Gullmedalje i diskokasting – 60,92 m, framom Olav Jenssen (60,06 m)
  • 1996: Gullmedalje i diskoskasting – 59,94 m, framom Knut Hjeltnes (58,94 m)
  • 1997: Bronsemedalje i diskoskasting – 57,74 m
  • 1998: Bronsemedalje i diskoskasting – 57,29 m
  • 1999: Sølvmedalje i diskoskasting – 60,62 m, bak Einar K. Tveita (61,09 m)

Plasseringar i internasjonale meisterskap

Personlege rekordar og årsbeste

År197719781979198019811982198319841985198619871988
Lengde (m)60,7462,4264,4266,3460,8468,0055,7263,8267,3666,4867,7064,30
År198919901991199219931994199519961997199819892000
Lengde (m)63,8862,0063,6263,5461,3863,6663,5064,2260,8260,3662,5761,57
Remove ads

Ymse

Valvik har i mange år vore lektor ved Porsgrunn videregående skole i Telemark, der han har undervist i økonomiske fag og idrettsfag.

Han var ei tid gift med syklisten Monica Valen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads