Svenner fyrstasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Svenner fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Korpekollen i øygruppa Svenner i Larvik kommune i Vestfold.
- Denne artikkelen handlar om fyret og øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Svenner i Antarktis.
Fyret vart første gong tent 22. oktober 1874. Det opphavlege tårnet var bygd i stein av fangar som sat på Akershus festning. I 1900 vart det eksisterende tårnet i støypejern bygd. Tårnet har ei høgd på 18,7 m og lyshøgda er 40,3 meter over havet. Lysvidda til fyer er på 12,8 nautiske mil. Fyret vart avfolka i slutten av 2002 og automatisert i 2003. Fyret med tilhøyrande bygningar vart freda i 1997.
Vestfold Fylkeskystlag med samarbeidspartnarar leiger per 2008 fyret av Kystverket. Fyret er tilrettelagt for utleige.
I kystleisesongen 30. juni–12. august vert Svenner fyr drifta av lokale vertskapsfamiliar.
Namnet Svenner kjem av det norrøne Sveinar, som tyder 'gutar, karar', utan at ein kjenner bakgrunnen for dette.
- Fyrvaktarbygningen (t.h.) og reserveassistenbustaden
- Steinhuset
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Sjå òg
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Svenner fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2008.
Andre kjelder
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket. 2008. s. 759. Arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2011. Henta 8. november 2020.
- «Svenner fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
- Svenner fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads