Sweeney's Men
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sweeney's Men er ei irsk folkemusikkgruppe.
På 1960-talet spelte Sweeney's Men i lag med grupper som The Dubliners og The Clancy Brothers. Då gruppa blei skipa i 1966 bestod ho av tre medlemmar: Joe Dolan, Johnny Moynihan og Andy Irvine. I 1967 forlét Dolan bandet og vart erstatta av Terry Woods. På denne tida spelte dei tin whistle, trekkspel, munnspel, gitar, mandolin, banjo og bouzouki. Andy Irvine forlét bandet i 1968 og blei erstatta av Henry McCullough. Den «nye» gruppa heldt berre saman eit par år før bandet til slutt blei oppløust. Irvine, Moynihan og Woods kom saman att i 2012.
Gruppa spelte for det meste cover av andre songar. Dei best kjende er versjonen hennar av den amerikanske folkesongen «Tom Dooley», og òg dei tradisjonelle skotske songane «Rattlin' Roarin' Willie» og «Willy O'Winsbury». Sweeney's Men har òg skrive og spelt inn sjølvskrivne songar, som Moynihan sin «Standing On The Shore». Gruppa gav ut to album, Sweeney' s Men og The Track of Sweeney.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads