Swilly

From Wikipedia, the free encyclopedia

Swilly
Remove ads

Swilly (irsk An Súileach) er ei elv i Republikken Irland, som renn vestover gjennom Letterkenny i County Donegal. Letterkenny, den største byen i County Donegal, er grunnlagd ved elva.

Kjappe fakta Land, Lengd ...
Remove ads

Swilly har utspring nær Glendore, eit fjell i County Donegal og har ei lengd på 42 km. Ho munnar ut i Atlanterhavet ved Lough Swilly.

Elva vert rekna som ei av dei beste fiskeelvane nordvest på Irland. Elva vart tidlegare nytta som transportåre, men sidan ho til tider er smal med mange svingar, var det vanskeleg for større skip å ferdast i ho. Den kommersielle hamna i Letterkenny vart lagd ned i 1960-åra og hamnelagera her vart rivne i 2001.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads