Świna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Świna (tysk Swine; pommersk Swina) er ei elv i Polen som renn frå Stettiner Haff til Austersjøen mellom øyane Usedom og Wolin. Ho er ein del av elvemunningen til Oder, og fører om lag 75 % av vassmengda hennar (resten går gjennom Peenestrom (15 %) og Dziwna (10 %). Ho har ei lengd på om lag 16 km. Świnoujście er ein by langs elva.
Det tyske keisarriket demma opp og gjorde elva djupare frå 1874 til 1880 for å lage Kaiserfahrt (Piastkanalen). Han er forbunde med den nordlege delen av Świna og går til Stettiner Haff og den pommerske hamna Szczecin. Elva var derfor ein viktig vassveg til denne industribyen. Området rundt elva vart overført frå Tyskland til Polen etter den andre verdskrigen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Świna» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads