Sylte i Fjord

tettstad i Fjord From Wikipedia, the free encyclopedia

Sylte i Fjord
Remove ads

Sylte er kommunesenteret og gard i Fjord kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden har ligg ved Norddalsfjorden, nedst i Valldal. Valldalselva (også kalla Valldøla) renn ut i fjorden her. Sylte ligg på austsida av elva og elveosen, Muri ligg på motsett side av elva. Sylte er ein gamal gard (grend), men størstedelen av innmarka er no brukt til tomt for sentrumsbygg. Sjølve garden Sylte går om lag 2 km oppover i dalen og omfattar Ødegård og den skogkledde Syltemoa med sandtak.[1] Fram til omkring 1955 var delar av Sylte ein allmening eigd av bønder oppover i dalen, på allmenningen stod naust og såkalla kyrkjebuder der bøndene kunne sette inn hesten og lagre private saker.[2] På den tidlegare allmenningen er det no bensinstasjon, bilverkstad og daglegvareforretning.

Thumb
Sylte kyrkje frå 1863.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Her ligg Sylte kyrkje, barne- og ungdomsskulen Valldal skule og andre sentrumsfunksjonar som kommunehus og bank.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads