Sylvia Plath
amerikansk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sylvia Plath (27. oktober 1932–11. februar 1963) var ein amerikansk forfattar best kjent for dikta sine, og romanen The Bell Jar (norsk tittel: Glassklokken).

Remove ads
Biografi
Plath var fødd i Boston av ein tysk far og ei austerriksk-amerikansk mor. Ho vart rekna for å vera eit gåverikt barn, og allereie som åtteåring publiserte ho sitt første dikt. Ho skreiv seinare både romanar, noveller, dikt og essay. Det mest kjende verket hennar, The Bell Jar, var ein semi-biografisk roman om kampen hennar mot klinisk depresjon. Plath tok sitt eige liv i 1963, og ho har etter det fått ein tilnærma ikonisk status i enkelte miljø.
Far til Plath var professor på eit college. Han døydde i 1940, og Plath skal aldri heilt ha komme over tapet av faren. I 1950 fekk ho publisert si første novelle «And Summer Will Not Come Again» i bladet Seventeen.
Gjennom heile livet sleit Plath med alvorleg depresjon. I 1950 hadde ho byrja å studera ved Smith College, og sommaren 1953 hadde ho ein sommarjobb i eit magasin i New York. Etter at ho kom tilbake til skulen denne hausten, hadde depresjonen vorte så alvorleg at ho vart behandla med elektrosjokkterapi. I august 1953 prøvde ho å ta sitt eige liv for første gong. Ho vart innlagd ved ein psykiatrisk klinikk, og såg ut til å bli betre. I 1955 tok ho eksamen ved Smith College, og dette året vann ho også ein pris for diktet «Two Lovers and a Beachcomber by the Real Sea». Ho skildrar både sjukehusopphalda og sjølvmordsforsøket i romanen The Bell Jar.
Plath fekk eit stipend til Cambridgeuniversitetet, der ho heldt fram med å skriva dikt. Fleire av dikta hennar vart publiserte i studentavisa til universitetet. Ved Cambridge møtte ho den engelske diktaren Ted Hughes. I 1956 gifta dei seg, og dei neste åra budde paret i USA. Etter at Plath vart gravid, flytta paret tilbake til Storbritannia, der Frieda Hughes vart fødd 1. april 1960. Familien budde i London ei stund før dei flytta til den vesle landsbyen North Tawton i Devonshire. Diktsamlinga The Colossus vart gitt ut i Storbritannia i 1960. Men allereie no hadde Plath og Hughes problem i ekteskapet, og i 1962 vart dei separerte. Plath tok med barna deira, Frieda og babyen Nicholas, tilbake til London. 11. februar 1963 utførte Plath sjølvmord ved hjelp av gassen i kjøkkenet.
Remove ads
Bibliografi
Dikt
- The Colossus (1960)
- Ariel (1965)
- Crossing the Water (1971)
- Winter Trees (1972)
- The Collected Poems (1981)
- Daddy
- Poppies in July
- Morning Song
- Lady Lazarus
- Mirror
Prosa
- The Bell Jar (på norsk: Glassklokken) (1963) under pseudonymet Victoria Lucas
- Lettars Home (1975), brev til mor hennar, og redigert av henne
- Johnny Panic and the Bible of Dreams (1977)
- The Journals of Sylvia Plath (1982)
- The Magic Mirror (1989)
- The Unabridged Journals of Sylvia Plath, redigert av Karen V. Kukil (2000)
Barnebøker
- The Bed Book (1976)
- The It-Doesn't-Matter-Suit (1996)
- Collected Children's Stories (UK, 2001)
- Mrs. Cherry's Kitchen (2001)
Remove ads
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads