Snøbærslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Snøbær, (Symphoricarpos) er ei lita slekt med om lag 15 artar av bladfellande buskar i kaprifolfamilien, Caprifoliaceae. Alle artane høyrer naturleg heime i Nord- og Mellom-Amerika, med unnatak av ein som ein finn naturleg i den vestelge delen av Kina. Namnet på slekta er avleidd frå gresk symphorein (συμφορειν) som tyder 'å bere saman' og karpos (καρπος) som tyder 'frukt'. Det viser til dei tettpakka bæra som arten har.[1]
Remove ads
Skildring
Blada på planter i snøbærslekta er 1,5–5 cm lange, runde, heile eller med ein eller to foldar ved basis. Blomstrane er små, grøn-kvite til lilla, i små klasar på 5–15 hos dei fleste artane, enkelt eller parvise hos andre (e.g. S. microphyllus). Frukta er 1–2 cm i diameter, mjuk, varierande frå kvit (e.g. S. albus) til lilla (S. microphyllus) til raud (S. orbiculatus) og hos ein art (S. sinensis), svartpurpur. Når dei kvite bæra blir opna, ser frukta ut på insida som fin, sprakande korna snø.
Remove ads
Nokre artar
|
|
- Symphoricarpos albus blomar
- Symphoricarpos vulgaris . Teikna av Eersde Deel, 1813.
- Frukt på Symphoricarpos orbiculatus om vinteren
- Frukt på Symphoricarpos orbiculatus om hausten
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads