Tårnteleskop
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tårnteleskop er eit instrument for solobservasjonar. I toppen av eit tårn er det sett opp ein cølostat. Denne reflekterer sollyset loddrett ned mot ein spegel- eller eit linsesystem med stor brennvidde. Solbiletet som ert danna kan fotograferast eller lyset kan sendast vidare og analyserast med spektrograf eller spektroheliograf. Fordelen med eit tårnteleskop er at det er fast oppstilt, og derfor berre treng eit minium av mekanisk konstruksjon, og at hjelpeinstrument (til dømes ein tung spektrograf) ikkje treng å vere festa til kikkerten, men kan monterast på solide pilarar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads