Tínos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tínos (gresk Τήνος, italiensk Tine) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart Tínos kalla Ophiussa og Hydroessa. Dei næraste øyane er Ándros, Dílos og Mýkonos. Ho har eit areal på 194 km² og eit folketal på rundt 8 500 innbyggjarar.
Tínos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Tínos hadde tidlegare tre kommunar, men heile øya er no ein kommune, den einaste i periferieininga.[2]
Mellom 1207 og 1715 høyrte Tínos til Republikken Venezia, og frå 1715 til 1821 høyrte ho til Det osmanske riket før ho vart ein del av Hellas.
Tínos er hos grekarane kjend for kyrkja Panajía Evangelístria, dei om lag 20 vindmøllene, om lag tusen kunstneriske dueslag, femti aktive landsbyar og dei venetianske festningsverka i fjellet, Exómvourgo.
Øya ligg om lag midt i Kykladane og på grunn av kyrkja Panajía Evangelístria, som visstnok inneheld eit mirakuløst ikon av Jomfru Maria kjem det årleg mange pilegrimar her. Dette er kanskje den mest aktive pilegrimsstaden aust i Middelhavet i dag.
Av mineralressursar på øya finn ein marmor, Verde antico, asbest og eit granittbrot nær Vólakas.
Remove ads
Administrativ inndeling

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Tínos
- Exómvourgo
- Pánormos
Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 8 934 innbyggjarar, medan kommunaleininga Tínos hadde 6 092 og tettstaden med same namn 4 936 innbyggjarar.[1]
Landskap
Tínos har eit variert landskap. Frå kysten ved Pánormos og Kolυmbíthra på nordkysten til Kiónia, Ájos Jánnis O Pórtos og Ájos Sóstis på sørkysten har Tínos mange strender. Tsikniás er det høgaste fjellet med ei høgd på 750 moh. Fjellet Exomvoúrgo er meir særmerkt og er meir kvassare enn dei avrunda fjella ellers i Kykladane, og har ein utsjånad som høyrer meir heime i Alpane. Mellom Tsikniás og Exomvoúrgo ligg den frodige sletta Falatádos. Dette området er unikt på øya sidan det er relativt flatt, som er sjeldan på øya. Dette har gjort ho til ein sterk kandidat for ein flyplass som enno ikkje er bygd på øya. Meltemi-vinden og protestar frå dei lokale landsbybuarane har så langt stoppa denne bygginga. Området rundt Vólakas er surrealistisk og svært uvanleg med store rullesteinar på storleik med store bygningar. Landsbyen Vólakas ligg midt i dette landskapet.
Remove ads
Klima
Tínos har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og milde og våtare vintrar.
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des |
Maks. | 14 °C | 15 °C | 16 °C | 19 °C | 22 °C | 26 °C | 28 °C | 28 °C | 26 °C | 23 °C | 19 °C | 15 °C |
Min. | 10 °C | 10 °C | 11 °C | 13 °C | 17 °C | 21 °C | 23 °C | 24 °C | 21 °C | 19 °C | 15 °C | 12 °C |
Nedbør | 20 | 18 | 13 | 13 | 8 | 0 | 0 | 0 | 5 | 5 | 15 | 28 |
Vind i km/t | 29 | 30 | 26 | 20 | 21 | 23 | 23 | 26 | 23 | 26 | 23 | 28 |
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Andre busetnader på øya er:
|
|
|
|
Småøyar i kommunen:
- Drakonísi (0)
- Dýsvato (0)
Remove ads
Kjelde
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads