Tønsberg domkyrkje
kyrkje i Tønsberg i Vestfold From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tønsberg domkyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Tønsberg kommune i Vestfold.

Foto:
www.kirken.no
Kyrkja vart oppført som Tønsberg kyrkje i 1858 på staden der Lavranskyrkja hadde stått frå mellomalderen til ho vart riven i 1814. Tønsberg kyrkje vart teikna av Christian H. Grosch og innvigd i 1858 som ei nokså enkel nygotisk kyrkje. Det nygotiske preget vart noko dempa ved ei omfattande restaurering planlagd av Arnstein Arneberg i 1939. Då Tunsberg bispedømme vart utskilt frå Oslo i 1948, vart kyrkja domkyrkje.
Ein god del av inventaret kjem frå Mariakyrkja, mellomalderkyrkja som vart riven i 1864, etter at Tønsberg kyrkja vart bygd. Noko er òg frå Lavranskyrkja.
Remove ads
Litteratur
- Tobiasen, Erling (1958). Tønsberg domkirke. Kirkehusets vitnesbyrd 1858-1958. Tønsberg.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 560. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
- «Tønsberg domkyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Tønsberg domkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Artemisia.no
- Høgskolen i Vestfold
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads