T-baneringen

From Wikipedia, the free encyclopedia

T-baneringen
Remove ads

Ringen er ei dobbeltspora T-baneline i T-banenettet i Oslo som går mellom stasjonane Ullevål stadion på Sognsvannsbanen og Carl Bernes plass på Grorudbanen via Nydalen og Storo. Ved at lina er eit tverrsamand mellom desse to linene, skapar ho ei ringbane over desse to linene og fellestunnelen for T-banelinene gjennom sentrum. Lina, som har tre stasjonar med plattform mellom spora i staden for på kvar si side av spora, vart bygd i åra 2000 - 2006, og har ein stasjon, Nydalen stasjon, liggande under jorda.

Kjappe fakta Info, Drift ...
Thumb
Eit tog på jarnbana Gjøvikbanen ved Grefsen stasjon til venstre, og eit T-banetog på eit sidespor på Storo stasjon på T-banelina Ringen til høgre.

Mellom stasjonane Ullevål stadion og Storo, og mellom stasjonane Sinsen og Carl Berners plass, går lina i tunnel, elles ligg ei stutt strekning forbi Grefsen jarnbanestasjonGjøvikbanen i dagen. Her er det òg eit spor som knyt T-banenettet til jarnbanenettet, og soleis gjer det mogleg å køyre vedlikehaldsmaskinar for skjenegangen frå jarnbanen over på T-banen. Men korkje T-banetoga eller toga på jarnbanen kan køyrast på det andre nettet.

Mellom Sinsen stasjon på Ringen og Økern stasjon på Grorudbanen går T-banelina Lørenbanen, ferdig i 2016. Denne banen gjer det mogleg å køyre tog mellom sentrum av Oslo og Groruddalen over Sognsvannsbanen - Ringen - Lørenbanen - Grorudbanen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads