Tabuk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tabuk (arabisk تبوك, Tabūk), òg skrive Tabouk, er det adminsitrative senteret i Tabuk-regionen nordvest i Saudi-Arabia. Han har eit folketal på 534 893 (2010).
Tabuk ligg nær grensa til Jordan. Han husar den største flybasen i Saudi-Arabia.[1]
Remove ads
Geografi og klima

Tabuk har eit ørkenklima med varme somrar og milde vintrar. Temperaturen om sommaren varierer mellom 26 og 46 °C, medan han om vinteren kan ligge mellom −4 og 18°C. Snø er ganske vanleg og kan nå −6 °C. Det regnar i Tabuk-område frå november til mars med nedbørsmengder som varierer frå 50 til 150 mm.
Remove ads
Historie
Ptolemaios nemnte ein stad kalla Tabawa som låg nordvest i Arabia. Dette kan vere Tabuka.
Tabouk vart kjend etter islam nådde området i år 630 evt. for tilknytinga til eit slag som Muhammed utkjempa her. Sidan den gong har han vore ein inngangsport til Nord-Arabia. Han vart vitja av mange vestlege reisande som Doughty i 1877 og Huber i 1884.
Tabuk-regionen har mange funn frå antikken med hellereitingar, inskripsjonar, fort, palass, murar og ruinane av Hejazbanen.
- Prins Sultan bin Abdulaziz-moskeen i Tabuk.
- Tabuk jernbanestasjon.
- Ein vintermorgon i Tabuk.
Remove ads
Golfkrigen
Tabuk vart eit senter for militæraktivitet under Golfkrigen då byen var truga av irakiske scud-missil og luftåtak. Som følgje av dette sette den pakistanske hæren ut eit luftforsvarsregiment i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads