Tadsjikistan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tadsjikistan
Remove ads

Tadsjikistan er ein sjølvstendig stat i Sentral-Asia. Det grensar til Kirgisistan i nord, Kina i aust, Afghanistan i sør og Usbekistan i vest. Landet var tidlegare del av Sovjetunionen, og vart sjølvstendig då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991. Etter sjølvstendet vart landet på 1990-talet herja av borgarkrig, fram til ein fredsavtale vart underskriven i 1997.

Thumb
Kart over Tadsjikistan.
Kjappe fakta Ҷумҳурии Тоҷикистон(Dzjumhurii Todzjikiston, 'Republikken Tadsjikistan') (norsk: Tadsjikistan, tadsjikisk) ...
Remove ads

Klima

Tadsjikistan har eit utprega kontinentalt klima, men med store høgdevariasjonar. Om lag halvparten av landet ligg over 3000 meter over havet, og desse områda er tørre. Sidan Himalaya og Tibetplatået hindrar den indiske monsunen i å strøyme inn over landet, får desse fjellområda det meste av snøen sin frå svake lågtrykk som kjem frå vest. I Pamirfjella kan snøgrensa stige til 5000 m om sommaren. Årsnedbøren er 150-250 mm, men enkelte stader i fjella 800-1500 mm, som stort sett fell som snø.

Ein kan få opp til 20 cm snø enkelte stader i fjella om vinteren, og temperaturen kan av og til bli farleg låg. Temperaturane er derimot litt høgare i låglandet både om vinteren og sommaren. Juli har middeltemperaturar kring 27-30 °C, i januar -1 til -2 °C i dalføra og -20 °C i fjellområda. Av og til kan temperaturen bli så høg som 47 °C i låglandet på grunn av ein lokal austleg vind kalla harmsil.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads