Hestmakrell

fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia

Hestmakrell
Remove ads

Hestmakrell (Trachurus trachurus) er utbreidd i det nordaustlege Atlanterhavet. Det vert fiska på tre bestandar: vestleg, sørleg og nordsjøbestanden.

Kjappe fakta

Dei har ulike gyteområde: vest av Dei britiske øyane og Irland, utanfor Portugal og Spania og i sørlege del av Nordsjøen.

Oppvekst- og beiteområde er i det sørlege Norskehavet og i Nordsjøen. I desse området foregår og det norske fiskeriet etter arten. Oppfiska kvantum varierer sterkt frå år til år. Det er inga kvote å fiske på i 2023, fordi bestanden dette året er under kritisk gytebestandsnivå.

Hestmakrellen vert òg kalla taggmakrell, fordi han har 70–80 tagga skjell langs sidelinja. Han kan verte 40 cm lang, og veg opp til 1,6 kg.

Det er ein god matfisk, som særleg vert sett pris på i Asia.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads