Taktekking
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Taktekking kan visa til den ytre flata på eit tak som skal verna mot vêr og vind, eller til det å laga ei slik flate. Tak kan heiltekkjast med eitt udelt dekke, eller overlapptekkjast med fleire enkeltdelar som overlappar kvarandre.

Overlapptekking
Overlapptekking har vore tradisjon mange stader. Her tekkjer ein ved hjelp av mange små delar, som torv, siv, strå, tre (takspon), stein og keramikk (t.d. skiferplater eller takstein). Nyare materiale er pappshingel, bølgjemetall og bølgjeplast.
Sidan skøytane mellom dei ulike delane alltid vil vera noko opne, må eit tak tekkja med overlappsteknikk ha god helling. Dette gjeld særleg i vêrharde område.

Remove ads
Heiltekking
Ved heiltekking kan ein lima, sveisa eller skøyta material saman slik at dei dannar ein ubroten og vasstett flate. Dette blir særleg nytta på flate eller svakt hellande tak. Asfaltbelegg, metallplater og tjukt kunststoff kan nyttast til heiltekking.
Sjå og
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads