Tanngnjost og Tanngrisne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tanngnjost og Tanngrisne
Remove ads

Tanngnjost og Tanngrisne er to geitebukkar i norrøn mytologi som tilhøyrer toreguden Tor. Når det torna, var det dei som var ute og drog vogna til guden.

Thumb
Tanngnjost og Tanngrisne dreg vogna til guden Tor.

«Tanngnjost» kjem av Tanngnjóstr eller Tanngiost, 'den som skjer tenner', medan «Tanngrisner» kjem av Tanngrisnir, den som har glisne tenner'.

Bukkane er kjende frå sogene for at dei kan slaktast og etast, men deretter koma til live igjen når Tor svingar hammaren sin. I ei soge knekkjer guten Tjalve eit bukkebein for å suga ut mergen, sjølv om han ikkje har love. Då Tor merkar at ein av bukkane haltar, tek han Tjalve og systera Roskva med til Åsgard som bot.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads