Tarja Halonen

finsk diplomat og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tarja Halonen
Remove ads

Tarja Kaarina Halonen (fødd 24. desember 1943) er ein finsk politikar og jurist. Ho var presidenten i Finland frå 1. mars 2000 til 1 mars 2012.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Halonen vart fødd i arbeidardistriktet Berghäll (finsk Kallio) i Helsingfors. Ho tok jussutdanning ved Universitetet i Helsingfors (Helsingin yliopisto) og engasjerte seg samstundes i det nasjonale studentlaget. I 1970 vart ho tilsett som advokat for hovudorganisasjonen for finske fagforeiningar, SAK, og i 1971 gjekk ho inn i det sosialdemokratiske partiet. Ho var medlem i den finske Riksdagen frå 1979 til ho vart president. Halonen har også hatt tre ulike ministerpostar, helseminister (1987–1990), justisminister (1990–1991) og utanriksminister (1995–2000).

Halonen vart i 2000 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads