Tarvafjorden

fjord i Ørland From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

63°48′10.091″N 9°32′37.270″E Tarvafjorden er ein fjord i Ørland kommune i Trøndelag mellom øygruppa Tarva i vest og fastlandet i aust. Fjorden har ei lengd på om lag 12 km og grensar til Frohavet i begge endar.

Fjorden har innløp i nord mellom Tristeinen i vest og Kvaløy fyr i aust. Av dei større øyane i Tarva langs fjorden finn ein Været, Husøya og Karlsøya. Frå Husøya går det ferje over fjorden til Djupfest. I sør endar fjorden mellom Gyltingen i vest og Festholmen ved Nes. Tørrskjær fyr ligg midt i leia lengst sør i fjorden.

I aust går Valsfjorden innover til Oksvoll.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads