Sjagraer

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sjagraer
Remove ads

Sjagraer er ei lita gruppe av buskvarslarar, ei biologisk slekt Tchagra i familien Malaconotidae som lever i Afrika. Dette er sporvefuglar med storleik mindre enn eller lik starar om ein reknar med ein relativt lang hale. Dei er insektetarar og er kjente for å vere standfuglar.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Thumb
Brunkronesjagra i Sør-Afrika
Foto: Derek Keats
Thumb
Svartkronesjagra i Sør-Afrika
Foto: Derek Keats

Sjagraer er fem mellomstore sporvefuglar som er relativt einsarta i fjørdrakt og i storleik. Kroppslengde inkludert halen, varierer mellom 15 og 23 centimeter, med sumpsjagra i det nedre området. Vengene (vengdekkfjører og stordekkfjører) er brune til raudbrune i kontrast til lysare beige eller grå rygg. Nebbet er kraftig og svart med liten nedbøygd tupp. Alle har svart stripe frå nebbet gjennom auget mot nakken, og alle har svart eller brun krone eller ei mørk midtstripe. Auga er svarte og beina grå. Halen er mørkare enn ryggen og kroppssidene. Undersida er lysare beige eller har gråtone varierande mellom artane og underartane. Halen er relativt lang, kanskje minst markert lang hos kappsjagra.

Dette er insektetarar som stort sett føretrekker store insekt, og dei fleste beitar på bakken.

Utbreiingsområdet er Afrika sør for Sahara. Svartkronesjagra representerer eit unnatak med populasjonar i nord, frå Marokko og litt inn i vestlege Libya, samt lengst sør på Den arabiske halvøya. Nokre sumpsjagraer kan moglegvis ha trekkvaner inn i nordvestlege utbreiingsområdet i regntid, elles er desse artane standfuglar.

Alle sjagraartane er klassifiserte som livskraftige av IUCN.[1][2][3][4][5]

Remove ads

Artslista

Tchagra i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

  • Sumpsjagra, Tchagra minutus, Marsh Tchagra, Hartlaub, 1858, (LC)
  • Svartkronesjagra, Tchagra senegalus, Black-crowned Tchagra, Linné, 1766, (LC)
  • Brunkronesjagra, Tchagra australis, Brown-crowned Tchagra, Smith, 1836, (LC)
  • Tornsjagra, Tchagra jamesi, Three-streaked Tchagra, Shelley, 1885, (LC)
  • Kappsjagra, Tchagra tchagra, Southern Tchagra, Vieillot, 1816, (LC)

Sumpsjagra blir klassifisert som Bocagia minutus etter Handbook of the Birds of the World Alive per mars 2018.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads