Telefonsal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Telefonsal er ei form for fjernsal der ein seljar forsøker selja varer eller tenester over telefonen. Aktivitetar innan telefonsal utgjer delar av, ofte første fase av telemarketing.
Lovreguleringar
Angrerettlova gjeld ved telefonsal:
- «Angrerett på varer». Forbrukerrådet. Henta 7. januar 2009.
- «LOV 2000-12-21 nr 105: Lov om opplysningsplikt og angrerett m.v. ved fjernsalg og salg utenfor fast utsalgssted (angrerettloven)». Henta 7. januar 2009.
Datatilsynet gjev løyver til telemarketingsverksemd i Noreg. Bransjeorganet NORDMA set krav til aktørane, mellom anna med normer og reglar for etikk. I Noreg er det mogleg å reservere seg mot telefonsal. USA har ei liknande regulering, den såkalla Do-Not-Call Implementation Act. I EU finst det reguleringar mot automatiserte oppringingar for direkte marknadsføring når motakaren ikkje har semja kontakt på førehand.
Remove ads
Telefonsal retta mot privatpersonar
Det er som regel eigne bedrifter som spesialiserer seg for slik sal. Den oppringde er ikkje alltid klår over dette, ettersom seljaren identifiserer seg som den organisasjonen eller bedrifta som har hyra inn telefonseljaren.
Telefonseljarar blir gjerne trena i samtale og kommunikasjon. Ut over det ikkje krav til spesifikk utdanning for å verte telefonseljar.Sjølv om grunnløna kan vere låg, får ein bonus for kvart velluka telefonsal og dyktige seljarar kan oppnå god forteneste.
Å verta oppringt av telefonseljarar kan opplevast som eit irritasjonsmoment, og i høve med pågåande seljarar som eit sterkt kjøpepress.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads