Tennessee
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tennessee er ein delstat i søraustlege USA. Hovudstaden er Nashville medan Memphis er den største byen. Namnet «Tennessee», som delstaten deler med Tenessee-elva, kjem frå cherokeenamnet på landsbyen Tanasi.
Tennessee strekker seg frå Appalachane i aust, der delstaten grensar til Nord-Carolina, til Mississippi-elva i vest, der han grensar til Arkansas og Missouri. I nord grensar Tennessee til Kentucky og Virginia og i sør til Alabama, Georgia og Mississippi
Delstaten har vore viktig i utviklinga av amerikansk musikk. Særleg i Appalachane har folkemusikk av skotsk og irsk opphav blomstra. Seinare utvikla country og bluegrass seg frå denne folkemusikken, med Nashville som eit viktig sentrum. Tidleg på 1900-talet var Memphis ein viktig by i utviklinga av blues, og i 1950-åra var det her Elvis Presley bidrog til å blanda blues og country til rock'n'roll.
Remove ads
Kjende personar frå Tennessee
- W.C. Handy (1873-1958), musikar og komponist
- Carl Perkins (1932-1998), songar, låtskrivar og musikar
- Tina Turner (f. 1939), songar, låtskrivar, dansar og skodespelar
- Dolly Parton (f. 1946), songar og låtskrivar
- Taylor Swift (f. 1989), songar og låtskrivar
- Miley Cyrus (f. 1992), songar og skodespelar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads