Testa del Rutor

From Wikipedia, the free encyclopedia

Testa del Rutormap
Remove ads

Testa del Rutor er ein fjelltopp på 3 468 meter over havet i Graji-Alpane i Aostadalen, lengst nordvest i Italia.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Fjelltoppen, som er den høgste i dei såkalla Rutor-Léchaud-fjella, ligg omtrent midt mellom Mont Blanc-massivet og Vanoise-massivet. Den vide isbreen Glacier del Rutor breier seg kring nordskråninga av fjellet.

Testa del Rutor vert sjeldan kliven av andre enn skarpklatarar, som nyttar fjellet til treningsturar.

Den kjende fjellklivaren Gottlieb Studer frå Sveits var i lag med to brør Weilenmann, og fjellføraren J.-B. Frassy, då dei fyrste menneska sette sine føter på toppen av Testa del Rutor.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads