Tett harmoni

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tett harmoni
Remove ads

Tett harmoni viser til harmonisering der ein følgjer leiet til ein akkord notane frå akkorden ligg så tett at det ikkje er plass til fleire notar frå han mellom dei.

Thumb
Døme på tett harmoni med ein C-durakkord.
Thumb
Open harmoni, der notane spreier seg meir enn i tett harmoni.

Denne harmoniforma er mellom anna vanleg i barbershop og annan a cappella-musikk. Ein finn tette harmoniar i vokalarrangement til pop- og rockegrupper som Beach Boys, Bee Gees, Andrews Sisters og Queen.

Tett harmoni blir også brukt i instrumentalmusikk, til dømes i jazz, der «Moonlight Serenade» av Glenn Miller er eit velkjent døme. I denne songen nytta han ei rekkje treblåseinstrument med enkelt røyrblad til å harmonisera innanfor ein enkelt oktav.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads