That's All av Genesis

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«That's All» er ein song av Genesis på albumet Genesis frå 1983. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet etter «Mama».

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I USA gjekk singelen opp til sjetteplassen tidleg i 1984 og vart den første hitten deira i USA inne på Topp 10. Den amerikanske versjonen av singelen hadde «Second Home by the Sea» som B-side. Den britiske versjonen hadde «Taking It All Too Hard» som B-side og gjekk til 16. pass. Ein annan singelversjon hadde med eit konsertopptak av «Firth of Fifth».

Songen var eit forsøk på skrive ein enkel popsong med ein melodi som minna om The Beatles. Phil Collins sa òg i seinare intervju at trommestilen var eit forsøk på å etterlikne Ringo Starr. Songen starta med eit elektrisk pianoriff av Tony Banks.

I videoen av songen ser ein band som heimlause menn som spelar kort og held varmen ved eit bål. Det var første gongen Genesis nytta Jim Yukich som regissør.

Songen vart spelt ein god del på konsertane til bandet ut tiåret og inn på 90-talet. Eit konsertopptak av songen finst på The Way We Walk, Volume One: The Shorts og DVD-en Genesis Live at Wembley Stadium, samt heimevidoen The Mama Tour.

Remove ads

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1983-84), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

Keane framførte songen på som ei hyllest til Genesis på VH1 Rock Honors i 2007.

Den kanadiske countrygruppa Doc Walker spelte songen i 2008 og nådde 68. plass på den kanadiske singellista med songen.[14]

Det kanadiske indierockbandet Zeus spelte inn songen i 2009.

Clare & the Reasons spelte songen på det andre albumet deira, Arrow, i 2009.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads