The Cosmos Rocks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Cosmos Rocks er det einaste studioalbumet til Queen + Paul Rodgers, gjeve ut 15. september 2008. Det inneheld 14 nye spor skrivne av Brian May, Paul Rodgers og Roger Taylor. Det er det første studioalbumet med nye songar frå dei to attverande medlemmane i Queen sidan Made in Heaven i 1995, og det einaste studiosamarbeidet med Paul Rodgers.[1]

Meir informasjon Queen + Paul Rodgers-kronologi, Queen-kronologi ...
Remove ads

Historie

Bandet gjekk inn i studioet til Roger Taylor seint i 2006 etter å ha fullført den amerikanske delen av verdsturneen deira. Innspelingane vart tilpassa andre turnéplanar som Rodgers hadde. På den tidlegare turneen hadde bandet debutert ein ny song, «Take Love», som ikkje kom med på albumet. Gjennom marknadsføringa for soloturneen sin, debuterte Rodgers songar som «Warboys» og «Voodoo». John Deacon hadde trekte seg attende frå musikkindustrien og bassen vart derfor spelt av Rodgers og May. Den første singelen, «Say It's Not True» kom ut ni månader før albumet. Den andre singelen, «C-lebrity», vart framført på Al Murray's Happy Hour i april, fem månader før albumet kom ut. Albumet kom ut 17 år etter frontmannen og songaren i Queen, Freddie Mercury, døydde i 1991.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Queen + Paul Rodgers

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonus-DVD frå avgrensa utgåve

  1. «Reaching Out» (Hill/Black)
  2. «Tie Your Mother Down» (May)
  3. «Fat Bottomed Girls» (May)
  4. «Another One Bites the Dust» (Deacon)
  5. «Fire and Water» (Rodgers/Andy Fraser)
  6. «Crazy Little Thing Called Love» (Mercury)
  7. «Teo Torriatte (Let Us Cling Together)» (May)
  8. «These Are the Days of Our Lives» (Queen)
  9. «Radio Ga Ga» (Taylor)
  10. «Can’t Get Enough» (Mick Ralphs)
  11. «I Was Born to Love You» (Mercury)
  12. «All Right Now» (Rodgers/Fraser)
  13. «We Will Rock You» (May)
  14. «We Are the Champions» (Mercury)
  15. «God Save the Queen» (trad. arr. May)

Merk: Den japanske utgåva inneheld ein CD-versjon i staden for ein DVD-versjon.

Remove ads

Singlar

Det vart gjevne ut tre singlar frå albumet:

  • «Say It's Not True» var den første singelen frå albumet og kom ut i Storbritannia den 31. desember 2007. Han nådde 90. plassen på den britiske singellista, men hadde då vore tilgjengeleg for nedlasting. Videoen inneheld mange klipp frå lidingar i Sør-AFrika og klipp frå Nelson Mandela sine 46664-konsertane. Inntektene frå singelen gjekk til 46664.
  • «C-lebrity» var den andre singelen frå albumet. Han nådde 33. plassen på den britiske singellista. B-sida var ei innspeling av «Fire and Water» i Japan.
  • «We Believe» vart gjeven ut som singel i Italia, og nådde fjerdeplassen på Virgin-radiolista. Han vart redigert ned frå den originale seks minuttar lange versjonen på albumet til under fire minuttar.[2]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Cosmos Rocks fekk blanda kritikk. I følgje samlesida Metacritic, fekk albumet ein gjennomsnittleg score på 42/100,[8] og er rangert på 28. plassen på lista over dei dårlegaste albuma på Metacritic.[9] Alexis Petridis frå The Guardian gav albumet to av fem stjerner og skreiv «tekstane er teite, banale, noko støytande og har ein underminert effekt på musikken som er bak».[6] PopMatters gav albumet 7/10 og sa: «Paul Rodgers pustar nytt liv i Queen, men held likevel den enorme arva til bandet intakt, der dei kjempar seg fram med nye songar i det 21. hundreåret».[4] Mojo gav albumet tre stjerner og skreiv «Stundom snublar dei, som på den dårlege 'Warboys.' Men Rodgers er med på å rettferdiggjere gjenkomsten til Queen».[8]

Remove ads

Medverkande

  • Brian May – gitar, kor- og solovokal, bass, klaverinstrument, piano
  • Paul Rodgers – solovokal, gitar, bass, klaverinstrument, piano, munnspel
  • Roger Taylor – trommer, kor- og solovokal, perkusjon, klaverinstrument
  • Taylor Hawkins – korvokal på «C-lebrity»[10]

Lister

Meir informasjon Liste (2008), Plassering ...
Remove ads

Format

  • Standard CD
  • Special Edition CD og DVD
  • Tour Edition (berre Queen Online)
  • Gatefold Vinyl
  • iTunes Music Store edition

Turné

«Rock the Cosmos-turneen» byrja i september 2008 for å marknadsføre albumet. Opningskonserten vart innspelt og gjeven ut på DVD som Let the Cosmos Rock. Turneen omfatta ein av dei største utandørskonsertane som er haldne, i Kharkiv i Ukraina, med kring 350 000 i publikum. I løpet av turneen spelte Queen for like under 1 millionar betalande.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads