The Dream av Roko Blažević

From Wikipedia, the free encyclopedia

The Dream av Roko Blažević
Remove ads

«The Dream» (norsk 'draumen') er ein popballade frå 2019 som vert framført av den kroatiske songaren Roko Blažević. Songen var det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Thumb
Roko Blažević framfører «The Dream» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.
Remove ads

Bakgrunn

«The Dream» er skriven av Andrea Čubrić, Charlie Mason og av Jacques Houdek. Sistnemnde deltok for Kroatia i Eurovision Song Contest 2017 i Ukraina. Houdek sende inn songen til musikktevlinga til kringkastaren HRT Dora 2019 – den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest. 17. januar 2019 vart «The Dream» og Roko Blažević stadfesta som eit av dei 16 bidraga i Dora.[1] Tevlinga gjekk av stabelen 16. februar 2019, og «The Dream» vann etter å ha vorte nummer éin hos både tv-sjåarane og juryane.[2] Med sigeren vart «The Dream» det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[3]

Etter sigeren gjekk «The Dream» rett inn på fyrsteplass på den kroatiske singellista HR Top 40.[4] Dette var den fyrste plasseringa til Blažević på lista. Ein musikkvideo til songen vart sloppen 11. april 2019 via YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest.[5]

Eurovision Song Contest

I januar 2019 vart Kroatia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Kroatia hadde startnummer 10.[6] «The Dream» enda på ein 14. plass i semifinalen og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[7]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2019), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads