The Lovin' Spoonful

amerikansk band From Wikipedia, the free encyclopedia

The Lovin' Spoonful
Remove ads

The Lovin' Spoonful er ei USA-amerikansk musikkgruppe danna i 1965 i New York City. Musikken til gruppa kan samlast under sjangerane folkrock og poprock.

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...

Gitaristen, munnspelaren og songaren John Sebastian var den sentrale figuren i The Lovin' Spoonful og skreiv størstedelen av låtane. Dei andre originalmedlemmane var bassgitaristen Steve Boone, gitaristen Zal Yanovsky og trommeslagaren Joe Butler.

The Lovin' Spoonful lukkast å nå høgt på salslistene allereie i 1965. Begge låtane Do You Believe In Magic og You Didn't Have to be so Nice var mellom dei 10 beste på Billboard-lista. Året etter, 1966, kom dei tre mest kjende songane til gruppa; Daydream, Did You Ever Have to Make up Your Mind?, og Summer in the City. Alle desse tre nådde eit stort publikum, der i mellom også i Noreg. Gruppa hadde ytterlegare to hitar hausten 1966; Rain on the Roof og Nashville Cats.

I 1967 vart Boone og Yanovsky fengsla for bruk av marijuana, deretter forlet Yanovsky gruppa. Han vart erstatta av gitaristen og musikkprodusenten Jerry Yester. Året etter gjekk John Sebastian ut av Lovin' Spoonful for å verte soloartist. Albumet Revelation: Revolution '69 vart innspela utan Sebastian, og vart gruppas siste studioalbum. Denne LP-en kom ut i 1969, etter gruppa var oppløyst.

Det opphavlege The Lovin' Spoonful var samla att i 1979, i høve innspelinga av Paul Simon sin film One-Trick Pony (1980).

Sidan 1991 har ei musikkgruppe med namnet The Lovin' Spoonful turnerte større delar av den vestlege verda. Nokre medlemmer av opphavsbesetninga har alltid vore med, men aldri nøkkelfiguren Johan Sebastian.

The Lovin' Spoonful vart vald inn i Rock and Roll Hall of Fame i 2000.[1]

Remove ads

Diskografi

Studioalbum

Meir informasjon Utgjevingsår, Label/Katalog # ...

Live LP

Meir informasjon Utgjevingsår, Label/Katalog # ...

[2]

Singelplater

Meir informasjon Utgjevingsår, Titlar Om ikkje anna er nemnd er båe sider henta frå same album ...

[2]

Remove ads

Notar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads