The Paul Simon Songbook
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Paul Simon Songbook er det første soloalbumet til Paul Simon. Det vart spelt inn og gjeve ut i Storbritannia i 1965, og vart visstnok sletta i 1979 etter ønske frå Simon. Det vart gjort tilgjengeleg i USA som ein del av plateboksen Paul Simon: Collected Works (1981). Albumet var produsert av Reginald Warburton og Stanley West.
The Paul Simon Songbook vart spelt inn medan Paul Simon reiste rundt i Europa som visesongar på midten av 60-talet. I 1964 hadde han og Art Garfunkel spelt inn albumet Wednesday Morning, 3 A.M. i USA som Simon & Garfunkel. Albumet selde dårleg og Simon reiste til Europa. Medan han var der byrja radioane i aukande grad å spele «The Sounds of Silence» i USA, og då produsenten av innspelinga la på ekstra lydspor med elektrisk gitar, trommer og bass, gav produsenten denne nye versjonen ut på singel. Singelen starta å klatra på listene og Simon reiste heim til USA att for å halde fram karrieren med Garfunkel.
Simon spelte inn sitt eige album i juni 1965. Han hadde berre ein mikrofon for både stemma og gitaren hans. Fleire av songane han spelte inn vart seinare spelte inn på ny med Simon & Garfunkel.
Albumet vart gjeven ut med ein singel, «I Am A Rock»/«Leaves That Are Green».
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul Simon
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads