The Quiet Zone/The Pleasure Dome
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Quiet Zone/The Pleasure Dome er det åttande studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, utgjeve i 1977. Det var det siste studioalbumet deira før dei kom saman att i 2005.[2] Albumet har ein meir energisk, new wave-stil enn dei tre nærmaste føregangarane, og synte fram mot soloarbeidet til songaren og låtskrivaren Peter Hammill si karriere seint i 1970-åra.
For dette albumet var bassisten Nic Potter komen attende til bandet, etter at han slutta i 1970. Dei hadde òg med seg fiolinisten Graham Smith (String Driven Thing), som kom med i besetninga, og erstatta to medlemmar som hadde slutta etter det førre albumet, World Record (oktober 1976). Dette var organisten Hugh Banton og saksofonisten/fløytisten David Jackson. Dette hadde stor innverknad på stilen til bandet. Offisielt korta dei ned namnet sitt til «Van der Graaf» for dette albumet og konsertalbumet Vital (juli 1978), som følgde, men under marknadsføringa til Charisma Records vart både det korte og fulle namnet nytta.
Remove ads
Mottaking
Kritikarane var positive til albumet. Melody Maker sa at bandet « har nettopp kome opp med eit album som endeleg utløyser potensialet dei har vist så lenge».[3]
Innhald
Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- Van der Graaf
- Peter Hammill – vokal, piano, gitar
- Graham Smith – fiolin
- Nic Potter – bassgitar
- Guy Evans – trommer, perkusjon
- David Jackson – saksofon (7, 9)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads