Lokomotivet Rocket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rocket (engelsk 'Rakett') var eit tidleg damplokomotiv utforma av Robert Stephenson i 1829. Det er rekna som det første moderne lokomotivet.[1]

Rocket var ikkje det første damplokomotivet til å bli laga, men førte saman mange ulike oppfinningar som gjorde det til det mest avanserte lokomotivet i samtida, og eit mønster for damplokomotiv gjennom dei neste 150 åra.
Lokomotivet vart konstruert av Robert Stephenson and Company i Newcastle-upon-Tyne i 1829. Toppfarten til lokomotivet med full last var cirka 46 km/t. Originalen var i bruk til 1862. Han var utstilt på London Science Museum fram til 2018, med ei framsyning i Japan i høve Festival UK 98 i 1998.[2] Deretter blei lokomotivetlånt ut til Newcastle Discovery Museum frå 22. juni til 9. september 2018, og så til Science and Industry Museum i Manchester frå 25. september 2018 til 8. september 2019.[3] Deretter skal det vera ved National Railway Museum i York.[4]
Ein kjørbar kopi av «Rocket» vart bygd i 1979, og tilhøyrer National Railway Museum.[5]
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads