The Traveling Kind
musikkalbum av Emmylou Harris og Rodney Crowell From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Traveling Kind er det andre samarbeidsalbumet til dei amerikanske countrymusikarane Emmylou Harris og Rodney Crowell, gjeve ut 12. mai 2015 i USA på Nonesuch Records. Det er det 28. albumet til Harris totalt og det trettande studioalbumet til Crowell. Dette var det andre samarbeidet deira og for Harris var dette det andre albumet på rad ho spelte inn med Crowell, etter Old Yellow Moon i 2013.
Albumet vart spelt inn i løpet av fire dagar i juli 2014 i The House of Blues Studio og The Sound Emporium i Nashville. Produsenten på albumet var Joe Henry.
Harris og Crowell skreiv seks av songane på The Traveling Kind i lag, i tillegg til eit par coverversjonar, som Lucinda Williams av «I Just Wanted to See You So Bad» og «Amy Allison» sin «Her Hair Was Red».
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Emmylou Harris – vokal
- Rodney Crowell – vokal, akustisk gitar
- Jerry Roe - trommer (alle spor), korvokal (3)
- Steuart Smith - nylonstrengsgitar (1, 10), eletrisk slidegitar (3), elektrisk gitar (6, 8, 9, 11), orgel (6, 7), piano (6, 10)
- Jedd Hughes - mandolin (1, 9), elektrisk gitar (2, 3, 4, 5, 7), korvokal (3), oktavgitar (6, 10, 11)
- Chris Tuttle - piano (1, 3, 9), trekkspel (11)
- Byron House - elektrisk bass (2, 4, 7), kontrabass (3, 5, 8, 9, 11)
- Bill Payne - piano (2, 6, 7, 11), Fender Rhodes (4), Hammondorgel (4), Wurlitzer (5)
- Steve Fishell - steelgitar (2, 4), lapsteelgitar (9)
- Larry Franklin - fele (2, 8, 11)
- Chris Scruggs - steelgitar (8)
Teknisk
- Joe Henry - produsent
- Justin Neibank - lydteknikar, miksing
- Chris Wilkinson - lydteknikarassistent
- Drew Bollman - lydteknikarassistent
- Greg Calbi - mastering
- Adeline Brue - kunst
- Doyle Partners - design
- David McClister - fotografi
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads