The Valley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Valley er hovudstaden på den karibiske øya Anguilla, som er eit britisk oversjøisk territorium. Byen ligg i ein dal ved vika Crocus Bay nordvest på øya. Han har kring 2 000 innbyggjarar.
Ettersom administrasjonen av Anguilla blei flytta til øya St. Kitts i 1825, har The Valley få bygningar frå kolonitida. Eit døme er likevel Wallblake House frå 1787, som i dag er i bruk som prestegard. The Valley har rettslokale, postkontor og eit museum ved National Trust.
Remove ads
Samferdsle
The Valley har ei hamn som blir mykje brukt av kryssingsfartøy og større og mindre fritidsbåtar. I tillegg ligg Wallblake lufthamn rundt 3 km søraust for sentrum.
Bakgrunnsstoff
- The Valley[daud lenkje] ved anguillaguide.com
- The Valley ved destination360.com
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads