Þingvallavatn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Þingvallavatnmap
Remove ads

Þingvallavatn (utt. thing-vatla-vatn med trykk på fyrste staving) er den største naturlege innsjøen på Island med areal på 83,7 km2 (Þórisvatn er demt opp til kraftmagasin og har dermed blitt større). På det djupaste er Þingvallavatn 114 meter. På nordsida av vatnet blei Alltinget danna i 930.

Kjappe fakta Land, Innsjøtype ...

Det meste av tilsiget i innsjøen kjem frå berggrunnen, i tillegg renn det tre småelvar uti, Villingavatnsá, Ölfusvatnsá og Öxará. Ut av vatnet renn elva Sogið, den største oppkomselva på Island. Det lever tre fiskeslag i Þingvallavatnet, av dei fem slaga ferskvassfisk ein finn på Island. Dei tre er røye, aure og trepigga stingsild. I Þingvallavatnet er er det fire variantar av røye, flest i verda. Alle desse er berre funne i dette vatnet.

Innsjøen er ein del av nasjonalparken Þingvellir og ligg sørvest på Island. Det vulkanske opphavet til øyane i innsjøen er tydleg. Sprekkdanninga rundt innsjøen, mellom anna Almannagjá som er den største av dei, indikerer at dei europeiske og amerikanske jordskorpeplatene møter kvarandre.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads