Thionville

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thionvillemap
Remove ads

Thionville (tysk Diedenhofen, luxembourgsk Diedennuewen) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Grand Est, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg nær elva Moselle

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Historie

Området var i antikken busett av den germanske alemannarstamma. Kyrkjemøtet i Thionville vart halde her frå 2. februar 835 med 43 biskopar. Det gjeninnsette Keisar Ludvig I av Det tysk-romerske riket og omstøytte dei tidlegare dommane hans, som han alle var uskuldige i, og avsette erkebiskopen av Reims, Ebbo. 28. februar 835 innrømte Ebbo i Mainz at Ludvig ikkje hadde gjort nokre av lovbrota som gjorde at han vart avsett som keisar i Det tysk-romerske riket.

Eskil, erkebiskop av Lund vart fengsla i Thionville då han kom tilbake frå ei pilegrimsferd til Roma i 1153.

Omleiringa av Thionville skjedde i juni 1639 under trettiårskrigen.

Forfattaren François-René de Chateaubriand vart etterlaten for å døy under Condé sin militære émigré-ekspedisjon mot Thionville i 1792.

I åra 1870-1918 var Thionville ein del av Tyskland med det tyske namnet Diedenhofen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Thionville


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads