Thomas Breen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thomas Breen (fødd 13. september 1972 i Folldal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark ved stortingsvalet i 2009.
Breen vart utnemnd som vararepresentant til Stortinget frå Hedmark i 2005. Han møtte fast som medlem i justiskomiteen, ettersom den valde representanten Knut Storberget var i regjering. Frå 2009 er Breen medlem av finanskomiteen og valkomiteen.
Han var varaordførar i heimkommunen frå 2003 til han vart stortingsrepresentant. Han sat også i kommunestyret 1999-03, og han er styremedlem i Hedmark Arbeidarparti.
Breen er utdanna tømrar og er i det sivile livet industriarbeidar.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads