Thure Lindgren

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thure Lindgren
Remove ads

Thure Valdemar Lindgren (18. april 19212. september 2005) var ein svensk skihoppar som representerte IFK Kiruna og IF Friska Viljor. Han tok sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i Lake Placid i 1950. Lindgren var frå Jukkasjärvi i Norrbottens län, der han også døydde.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Lindgren vart svensk meister i skihopping i 1947. I 1949 vann han hopprennet i Svenska skidspelen i Sollefteå. Under verdsmeisterskapen i Lake Placid i 1950 lukkast han vinne sølvmedaljen, eit knapt poeng føre den seinare olympiameisteren Arnfinn Bergmann, men seks poeng bak verdsmeisteren Hans Bjørnstad, begge desse hopparane var frå Noreg.

Han deltok i vinter-OL 1952 i Oslo, men fall i sitt fyrste hopp på 63 meter og vart nummer 40 av 44 deltakarar. Same sesongen kom han på delt fjerdeplass i Lahti-spelen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads