Thyatira
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Thyateira eller Thyatira er det antikke namnet på den tyrkiske byen Akhisar. Han ligg langt vest i Tyrkia, sør for Istanbul, kring 80 km frå Middelhavet.

Byen heitte først Pelopia (gresk Πελοπία), men vart kalla Thyateira (Θυάτειρα) av kong Selevkos I Nikator i 290 fvt. Han var i krig med Lysimakhos då han fekk vite at kona hadde fødd han ei dotter. I følgje Stefanos av Byzantium kalla han byen «thuateira» frå gresk «θυγατήρ» (thugater), som tyder «dotter», men det er meir truleg at det er eit eldre lydisk namn.[1][2] I antikken låg Thyatira på grensa mellom Lydia og Mysia. Han var kjend for farging og var eit senter for indigohandel.[3] Ein har mellom anna funne inskripsjonar i ruinane av den antikke byen som syner til farging.
I tidleg kristendom var det ei viktig kristen kyrkje i Thyateira, nemnd som ei av Dei sju openberringskyrkjene i Johannes’ openberring.[4] I følgje Openberringa skal ei kvinne kalla Jesabel ha kalla seg sjølv profeti Tyatira, «men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer».
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads