Tikhvinka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tikhvinka
Remove ads

Tikhvinka (russisk Ти́хвинка, finsk Tihvinä) er ei elv i Leningrad oblast i Russland og ei av sideelvane til Sias frå venstre. Elva er 144 km lang og har eit nedslagsfelt2 140 km².

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Elva renn frå innsjøen Eglino og inneheld mange stryk. Elva har vorte retta opp og 48 sluser vart bygd langs elva, men desse er ikkje i drift lenger og mange er øydelagde.

16 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 19,7 m³/s. Elva frys til i midten av november eller fram til tidleg i januar og vert isfri att i april eller tidleg i mai.

Byen Tikhvin og Tikhvin Maria kloster ligg langs elva.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads