Tim Cappello
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tim Cappello (fødd 1955),[1] òg kalla Timmy Cappello,[2] er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, komponist og vokalist. Han er hovudsakleg kjend som saksofonist for Tina Turner i 1980- og 1990-åra,[3][4][5] og for framføringa i vampyrfilmen The Lost Boys frå 1987.[6][7]
Han er kjend for den muskulæse kroppen, dei utfordrande rørslene når hans pelar og tendensen til å spele utan skjorte, med huden olja inn og håret i ein hestehale.[1][4][6][8]
Remove ads
Karriere
Cappello starta karrieren med å turnere for artistar som musikaren Eric Carmen og komikaren Billy Crystal.[1] Han spelte saksofon for Peter Gabriel på albuma Peter Gabriel [1] (1977)[9] og Peter Gabriel [2] (1978)[10] i tillegg til at han turnerte med Gabriel.[11] Cappello turnerte òg med Garland Jeffreys i 1978, og spelte både saksofon og klaverinstrument.[12] Etter å ha kjempa mot heroinmisbruk, kvitta Capello seg med problemet og byrja med kroppsbygging i 1980.[1] Cappello turnerte med Carly Simon seinare same året, og spelte ein gong på scenen i ein g-streng i lær, i tillegg til kjetting og hundeband.[1]
Frå 1981 til 1982 fronta Cappello sitt eige popband i New York City kalla The Ken Dolls[1][13] Cappello hadde ein seksuell sceneframtreden som vart vidare dyrka med The Ken Dolls - ein stil som vart kalla «porn pop»,[1] Cappello var kjend for å spele i g-streng.
I 1984 vart Cappello hyrt av Tina Turner som klaverspelar og saksofonist.[1] Han spelte i studio og på turné med ho i mange år, og han er å høyre på Turner-songar som «We Don't Need Another Hero» og «One of the Living» frå Mad Max Beyond Thunderdome (1985) og var med i musikkvideoane til begge desse.[1] Cappello spelte på filmmusikkalbumet What's Love Got to Do with It i 1993, og spelte saksofon og song Ike Turner-sine vokalparti i ein oppdatert versjon av songen «Proud Mary».[14] Cappello turnerte med Ringo Starr i 1992 og 1999 som medlem av hans All-Starr Band.[3][15][16]
Utsjånaden til Cappello skaffa han roller på fjernsyn og filmar. I 1987 hadde han eit musikalsk innslag i filmen filmen The Lost Boys der han song og spelte saksofon på ein coverversjon av songen «I Still Believe» av The Call.[6][7] Som skodespelar har han vore med i fjernsynsshowa The Equalizer og Miami Vice i 1987, og i filmane Hearts of Fire med Bob Dylan i 1987 og Tap med Gregory Hines i 1989.[2]
Cappello har skrive musikk for film og fjernsyn, mellom anna for Radium City i 1987[2].
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads