Karnilshaugen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Karnilshaugen, også kalla Tinghaugen på Hauge, er ein tinghaug som ligg på garden Hauge, to kilometer vest for kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.
Haugen var over ti meter høg med ein diameter på kring 55 meter. Dette gjer haugen den største menneskebygde tinghaugen på Vestlandet,[1] og blant dei ti største haugane i Norden. Plasseringa gjer at haugen er godt synleg i terrenget, både frå Gloppefjorden og frå landevegen mot Breim i vest.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads