Tinn Austbygd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Austbygde, òg skrive Austbygdi, er eit sokn og ein tettstad i Tinn kommune i Telemark fylke.
Remove ads
Tettstaden
Austbygde tettstad har 393 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg vel tre mils køyring nordaust frå Rjukan, ved nordaustre enden av innsjøen Tinnsjå, der Tessungdalen med Austbygdåe kjem frå nord og møter sjøen.
Remove ads
Austbygde sokn
Austbygde sokn vart skipa i 1888, ved frådeling av den austre delen av Atrå sokn. Same år vart Austbygde kyrkje, 4 kilometer nord for tettstaden, vigsla. Folketalet i soknet har alt frå skipinga lege nokså stabilt rundt 1 000 innbyggjarar.
Språk
Nynorsk vart innført som målform i skulen i 1908, liksom i dei fleste andre bygdeskulane i Tinn kommune. I 2010 vart skulane i Austbygde sokn lagt ned, samstundes som bokmål vart teke i bruk som målform i alle skular i kommunen. I kyrkja brukar ein framleis nynorsk.

Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads