Tito Jackson
amerikansk songar og gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Toriano Adaryll «Tito» Jackson (15. oktober 1953–15. september 2024) var ein amerikansk songar, den tredje eldste i den musikalske Jackson-familien frå Gary i Indiana, og ein av medlemene i The Jackson 5.
Remove ads
Biografi
Tito var med i The Jackson 5 heilt frå byrjinga, og ulikt fleire av dei andre syskena sine, satsa han ikkje på nokon solokarriere i ungdomen. Men han song solo på fleire av songane til gruppa, mellom anna We Can Change The World. I 1985 deltok han saman med mange andre artistar på hit-songen We are the World, som skulle vera til hjelp for svoltofra i Afrika.
Tito var gift med Dolores Martes, og dei hadde tre søner saman. Desse tre, ofte omtala som «nevøane til Michael Jackson», danna gutegruppa 3T, som debuterte med soloalbumet Brotherhood i 1995. Særleg singelen Anything frå debutplata vart vidgjeten.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads