Tofte i Hurum

lokalsenter på Hurumlandet i Asker kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Tofte i Hurum
Remove ads

Tofte er ein tettstad ved OslofjordenHurumlandet, lengst sør i Asker kommune, Akershus. På Tofte bur det 3158 innbyggjarar per 1. januar 2024 Tofte, og er den nest største tettstaden i Hurum.

Kjappe fakta Land ...
Thumb
Tofte ligg sør på Hurumlandet. (Illustrasjon: Finn Bjørklid)
Remove ads

Stadnamnet

Namnet Tofte kjem truleg av det norrøne namnet *Þopta. Truleg var dette det gamle namnet på Tofteelva som seinare garden litt ovanfor elveutlaupet i Toftebukta. Det kan hende også namnet har ei anna tyding som no er gløymt.

Natur

Tofte ligg lengst inn i Ytre Oslofjord heilt sør på Hurumlandet. Ved Tofte finn ein naturreservata Tofteholmen, Ranvikholmen og Mølen som alle har eit rikt plante- og fugleliv. Omkring Tofte er det monaleg førekomstar av dei sjeldne artane misteltein og barlind

Historie

Før 1897 var det ikkje noko tettstad på Tofte, einaste busetjing på staden var garden Tofte med underliggjande husmannsplassar. Tofte Gard er fyrst kjent nemnt i Biskop Eysteins jordebok frå 1390-åra, men garden er truleg mykje eldre. Ved utgangen av 1500-talet er det teke vare på skattelister som tyder på at Tofte var ein av dei største gardane på Hurum. So seint som i 1891 budde det berre 16 personar på Tofte. Ved midten på 1890-talet vart det bygt eit marmorsliperi på Sagene, men det var kun i drift i nokon få år.

I 1896 kjøpte Anthon B. Nilsen Tofte Gard med tilhøyrande skogeigedomar for å byggja ein cellulosefabrikk på garden. I 1897 vart fabrikken bygt og sett i drift i 1899. No hendte det ein stor aukning av menneske som flytta til Tofte. I 1907 grunnla Anthon B. Nilsen endå ein Cellulosefabrikk, men no på Sagene. Desse 2 fabrikkane var hyrnesteinane for Tofte.

Fabrikken på Sagene var i drift heilt opp til 2008, medan eldste fabrikken var i drift til 2013. I 2015 vart fabrikken på Tofte riven og 2022 var fabrikken på Sagene riven. Det er nokon få bygnadar frå gamlefabrikken som er freda.

Transport

Fylkesveg 281 er gjennomfartsvegen igjennom Tofte. Bussrute 256 mellom Klokkarstua og Sætre gjev Tofte buss samband vidare til Asker. Oslo og Drammen.

Utdanning

På Tofte ligg Tofte barneskule og Tofte Ungdomskule. For elevar frå Tofte er Røyken vidaregåande skule nærmaste vidaregåande skule.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads