Toljatti

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Toljatti
Remove ads

Toljatti eller Togliatti (russisk Толья́тти) er ein by i Samara oblast i Russland. Han er det adminsitrative senteret i Stavropolskij rajon og har like over 660 000 innbyggjarar. Han er den største byen i Russland som ikkje er hovudstad i eit føderasjonssubjekt.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Thumb
Rådhuset (duma)

Han vart grunnlagd i 1737 som ei festning kalla Stavropol-na-Volge (russisk Ста́врополь-на-Во́лге) av den russiske politikaren Vasilij Tatisjtsjov. Under bygginga av Volga vasskraftverk i 1950-åra vart byen lagt under vatn av Kujbysjovreservoaret ved Volga og byen vart flytta og heilt bygd opp att på ein ny stad. I 1964 fekk byen namnet Toljatti (etter Palmiro Togliatti, ein minister i det italienske kommunistpartiet.

Toljatti er eit stort industrisentrum. Mest kjend er bilfabrikken Lada, den største bilfabrikken i Russland. Byen har òg maskin-, kjemi- og næringsmiddelindustri, seks universitet og høgskular, fleire museum, eit filharmoniorkester, teater og kulturhus. Han er òg kjend som ein idrettsby.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads