Tomra

tettstad i Vestnes From Wikipedia, the free encyclopedia

Tomra
Remove ads

Tomra eller Tomrefjord er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på austsida av botnen av Tomrefjorden og har 1 117 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Tettstaden har mellom anna skipsverftet Vard Langsten og konfeksjonsindustri.[1] Tettstaden har idrettsanlegg med kunstgrasbane, symjehall, innandørs idrettshall og utandørs sports-amfi. Det lokale samfunnshuset heiter Idahall. Messingkorpsa Tomra Brass Band og Tomrefjord skulekorps her begge base i bygda. Det er hyttefelt på Tomrefjellet, i områda kring Svartløkvatnet. Det lokale idrettslaget, Tomrefjord Idrettslag, vart stifta i 1921.

Nokre kilometer opp frå bygda er det mange mil med langrennsløyper, varmestover og lysløype. Desse løypene er mykje brukt om vinteren både av Romsdalsbygda og nabobygdene på Sunnmøre.

Tomrefjord er fødestaden til forretningsmannen Bjørn Rune Gjelsten.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads