Tonkinbukta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tonkinbukta (eller Beibubukta) er ein utløpar av Sør-Kina-havet. Namnet er avleidd av den vietnamesiske landsdelen Tonkin.


Øya Hainan (ein eigen kinesisk provins) og Leizhouhalvøya (som tilhøyrar Guangdongprovinsen) avgrensar Tonkinbukta i aust. I nord ligg den kinesiske provinsen Guangxi, og i vest er Vietnam. Mot sør opnar bukta seg mot resten av Sør-Kina-havet. Mellom Leizhou og Hainan er Qiongzhousundet.
Bukta er rundt 90 000 km² i utstrekking. Den største djupna er berre 68 met. Raudeelva munnar ut i bukta. Dei viktigaste hamnebyane er Haiphong i Vietnam, Beihai (Peihai) på det kinesiske fastlandet og Haikou på Hainan (mot Qiongzhousundet).
Ein av dei mest kjende stadene å sjå i bukta er Halongbukta i Vietnam.
Det alternative namnet Beibubukta (Bei Bu tyder 'Nordbukta') har byrja å få gjennomslag fordi Tonkin på ei rekkje asiatiske språk òg kan tyda Tokyo.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tonkinbukten» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads