Torárull

From Wikipedia, the free encyclopedia

Torárull
Remove ads

Ein torárull (hebr. סֵפֶר תּוֹרָה sēfer Tōrā) er ein bokrull med to spindlar som inneheld Toráen. Sjølve dokumentet er handskrive på hebraisk på ein keláf (pergament) av eit reint dyr og rulla opp på dei to spindlane, som kvar blir kalla es hajím (livets tre).

Thumb
Ein opna torárull.

Torárullen er innpakka når han ikkje er i bruk. Samaritanarar, romaniotes, mizrahiske jødar og nokre sefardiske jødar brukar ein «tik» ein sylinder av tre eller metall. Askenasiske jødar og dei fleste europeiske og nordafrikanske sefardiske jødar brukar ei kappe i staden. Denne kappa går under namna toramantel (ask.), vestido (sef.) eller meíl (hovudsakleg ital.). Italienske jødar brukar gjerne både tik og kappe.

Når torárullen ikkje er i bruk, blir han lagra i hekhálen (arka).

Remove ads

Galleri

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Torárull


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads