Tord André Lien
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tord André Lien (fødd 10. september 1975) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet frå Øksnes i Nordland. Frå 2005 til 2013 var Lien representant på Stortinget, dinest blei han olje- og energiminister i regjeringa Solberg 2013–2016. Sidan mai 2024 har Lien vore tilsett som direktør for eksterne relasjonar i TrønderEnergi.
Remove ads
Liv og virke
Bakgrunn
Tord André Lien har studert historie og statsvitskap og er cand.philol. frå NTNU 2003. Han leidde eit team som dreiv med møtebooking via telefon i Norsk Privatøkonomi frå 2003.
Frå 2003 til 2005 leidde han Sør-Trøndelag volleyballkrets. Han har også vore volleyballtrenar.
I 1995 blei Lien dømd til 35 dagars fengsel for overskriding av ei fartsgrense på vått føre som ende med ein bilulykke med ein motorsykkel.[1]
Politisk karriere
Lien var medlem av Trondheim bystyre 2003–2005, leiar av Trondheim FpU 1997–1999 og Trondheim FrP 1999–2003 og 2008-2009. Han hadde fast plass på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke frå 2005 til 2013. Lien var olje- og energiminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016.
Stortingskomitear
- 2005–2009: medlem i energi- og miljøkomiteen
- 2009–2013: andre nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Remove ads
Andre yrke
Frå januar 2017 til desember 2022 var Lien tilsett som regiondirektør for NHO i Trøndelag.[2]
Den 1. mai 2024 blei Lien tilsett som direktør for eksterne relasjonar i TrønderEnergi.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads